Gode grunnar til å flytte til Hyllestad

Det er mange gode grunnar for å flytte til Hyllestad, og her kjem nokre av dei:

Dei fine folka i kommunen

Noko av det viktigaste når du skal flytte til Hyllestad er at du trivast, både på jobb og på fritida.  Det er mange fine folk som er busett i kommunen vår, les gjerne dei gode historiane til nokre av dei.

Det gode liv på bygda

Vi ønskjer at du finn fred og ro, og at du vil oppleve det gode liv som eit bygdeliv kan tilby.  Vi har god barnehage og god skule, vi har hjarterom og husrom.  Du vil finne det meste av det du leitar etter på fritida, skog, turterreng, sjø, fiske, disk-golfbane, kor, dykkarklubb, for å nemne noko.
Aktivitetskalender

Her er mange moglegheiter for organiserte og uorganiserte fritidsaktivitetar.  Vi har ny, fin idrettshall med trening- og spinningrom, storhall med kulturscene  Hallen inneheld og ein av landets beste biljardhallar (jf. biljardforbundet)

Friluftslivet rett utanfor stovedøra

Kommunen byr på fantastiske naturopplevingar, både på land og sjø.  Bestig gjerne det majestetiske Lifjellet, ta turen til dagsturhytta “Sørefjordhytta” eller ein padletur i eit av vatna eller fjordane våre.  
Her er gode moglegheiter for jakt og fiske, på visse vilkår ;)

Lifjellet - Klikk for stort bileteLifjellet ANI photography
Sopp på skogbunnen - Klikk for stort bileteSkogstur ANI photography

Historisk sus

Vi har ein rik kulturhistorie med kvernstein, skipsbyggging og kystfort.  Kvernsteinsbrota er av dei eldste og største produksjonsområda for kvernsteinar i Noreg.  Kvernstein er også symbol i kommunevåpenet vårt.

Kvernsteinsparken er eit visningsområde med fokus på formidling av kvernsteinshistorien, parken vart opna av Dronning Sonja i 2002.

Gode oppvekstvilkår

Du kan sei farvel til rushtrafikk og kø-køyring, her sparer du tid du kan bruke til nett kva du vil.

Vi har full barnehagedekning og ein god skule, skulefritidsordning og fritidsklubb, i Hyllestad ligg alt til rette for gode oppvekstvilkår for komande generasjonar.

Utdanning og jobb

Skipsindustri og offentlege arbeidsplassar er det mest av i kommunen, men her er mange andre moglegheiter og.  NAV samlat alt av utlyste stillingar, ta gjerne ein kikk på dei.

Ønskjer du å ta utdanning, er det nyleg etablert ein utdanningshub i kommunen.

Raskare karrierevekst og meir ansvar

Det er raskare karriestigning på bygda enn i byen.
Positiv karriereutvikling i Sogn og Fjordane “ … breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar”.
Dette kom fram som resultat i Vestlandsforskning si underøking om karriere i distrikta.

Meir for pengane

Eit kjapt søk på finn.no viser at du får mykje hus for pengane i Hyllestad, i forhold til byar som Førde, Bergen og Oslo. Lavare bu-utgifter fristar?

Kystkommune med kort veg til byliv 

Kort veg frå/til Bergen og Førde og litt byliv.  Frå Førde er det ca 8 mil og frå Bergen 12 mil.

Daglege bussavgangar, og frå/til Bergen går det også ekspressbåt dagleg.

Rom for vekst og mottakeleg for gode idear

Hyllestad er ein liten kystkommune på Vestlandet, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden.  Som kommune satsar vi på framtida.  Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.

Vi er i underkant av 1.300 som bur fast her, mange fleire i helgar og feriar.  Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst.  Vi har også mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du også!