Besøke Hyllestad
Birkeland camping
@Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Hyllestad som ligg fint plassert mellom Bergen og Førde. Reisetid til/frå Bergen er omlag 2,5 timar med personbil. Om du vil kan du ta hurtigbåt frå Bergen til Rysjedalsvika, ein tur som tek omlag 2 timar. Avstand til/frå Førde er omlag 1 time og 20 minutt med bil, og til Førde Lufthamn Bringeland omlag 1 time.
Førde Lufthamn Bringeland kan du lese om her.
Om du vil ta sjøvegen til Hyllestad kan du lese meir, og kjøpe billettar her.
Litt om Hyllestad
Hyllestad er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein. Produksjonen har truleg pågått i meir enn tusen år. Dette kan du oppleve på nært hald i Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Informasjon om Kvernsteinsparken i Hyllestad finn du her.
Sharpatrappene ned frå Lifjellet
@Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Lifjellet, eller Lihesten som det også blir kalla, er eit landemerke på vestlandskysten og det høgaste fjellet i kommunen. Det er godt merka turløyper fleire stadar på fjellet, og ein tur her er spektakulært!
Lihestklyvet vert arrangert årleg i regi av idrettslaget (vanlegvis tredje søndag i juni). Når du kjem opp på fjellet til 3L-stølane får du servert “Gygreskvetten” - ein løyndomsfull styrkedrikk frå sjølvaste Gygra! Vidare går turen opp til Gygrekjeften (710 m.o.h.) der du blir løna med fantastisk utsikt.
- Til og frå Hyllestad kjem du enklast med bil.
- Frå og til Bergen går det dagleg eksepressbåt og buss.
- Frå og til Førde går det dagleg buss.
- I Hyllestad går det buss til og frå skulen (når skulen er i drift).
På Fjord Norway si nettside kan du lese meir om Hyllestad og kva kommunen har å tilby.