Akse Gard

Elise Hovlandsdal kjøpte garden i 1907 og tok etternamnet Akse etter det. Oldebarnet, Andreas Akse, er fjerde generasjon som har overtatt garden. Han overtok i 2019, og var sjølv berre 19 år. Same alder som det faren var då han overtok garden i sin tid.

Andreas har ansvar for tre fjøs. På familiegarden på Akse har dei mjølkekyr.

Andreas har alltid visst at han ville drive garden. Frå han var sju år hjelpte han til med å måke i fjøsen før han gjekk på skulen. Og då han var 12 år begynte han å mjølke kyr.

​Då Andreas skulle byrje på vidaregåande var valet enkelt, han skulle gå natur- og landbruk for å bli Agronom. Etter avslutta utdanning tok han over garden. I tillegg til å jobbe med den 100 prosent, jobba han og for Hyllestad Pukk i 100 prosent stilling. ​Andreas ønskjer å følgje med på utviklinga i landbruket samt å investere i nødvendig utstyr. For å få til dette er han nøydd til å ha jobb utanom.

​På Akse Gard driv ein tradisjonell mjølk- og kjøtproduksjon. Dei har ein kvote på 190 tonn, noko som betyr at dei er eit mellomstort bruk. I tillegg til å ha mjølkekyr, fôrar dei opp oksar til slakt og har oppdrett av kviger til eige bruk.

Andreas har ansvar for tre fjøs. På familiegarden på Akse har dei mjølkekyr. Så leiger dei fjøsen til Solfrid og Knut Henrik Birkeland, der dei har kvigeoppdrett. I tillegg leiger dei fjøsen til Bjørn Gunnar Hansen for å få plass til oksane og småkalvane sine.

​Arbeidet på garden varierer etter sesong og vær, og kvar sommar må Andreas slå og hauste inn gras. Dei har grovforet sitt på heile Aksedalen og delar i Handalen. Dei tek hand om graset og gjødslar, men det er heilt umogleg å få til alt på eigehand og dei må difor ha hjelp av naboar.​Andreas seier at naboane er veldig flinke til å stille opp, og han hadde ikkje klart å drive garden utan all hjelpa han får frå far og bror sin.

​Nytt av året er at dei også pressar rundballar. Dette gjer dei for å kunne ta hand om meir av grovfôret sitt sjølv.

​Til saman har Andreas grovfor frå 600 dekar. Dette gjev ein del positive ringverknadar for området. Ein tenkjer gjerne ikkje over det, men hadde det ikkje vore for bøndene så hadde nok kulturlandskapet vore endå meir attgrodd enn det allereie er. Andreas seier at om ein vil at folk skal flytte hit, eller at turistar skal tykkje det er fint å feriere her, så må landskapa vere opne og velstelte.

​Det er ikkje så lett å vere bonde i dag. Samfunnet og tidene forandrar seg, men inntekta til bøndene stagnerer. Då far til Andreas overtok garden i 1980, kunne han leve greitt på berre 10 kyr. Det hadde vore heilt umogeleg i dag. Alt Andreas tenar går til investering. Han har nyleg kjøpt ny traktor og rundballutstyr og prøver så godt han kan å følgje med i utviklinga, og håpar at det vil bli lettare med tida.

​Sjølv om det er mykje hardt arbeid, så er det bonde Andreas ønskjer å vere. Det har vore hans kall i livet og i nokre år no har han sett optimisme i landbruket. På grunn av koronaepidemien for ei tid tilbake har folk fått opp auga for kortreist mat, og nordmenn har vorte meir bevisste på å handle lokalt. 

Dette håpar Andreas at vi held fram med.

 

Kontakt:

Andreas Akse

Aksane 92

6953 Leirvik i Sogn