Hyllestad Næringsråd
Kven vi er
Hyllestad Næringsråd har i dag (2026) 42 medlemmar. Medlemsmassen omfattar næringsdrivande, organisasjonar, politikarar og privatpersonar som ynskjer å bidra til lokal nærings- og samfunnsutvikling. Medlemmane representerer ulike næringar og verksemder i varierande storleik. Gjennom samarbeid på tvers kan HNR utvikle seg til ein tydeleg, synleg og attraktiv medlemsorganisasjon som skapar lokal verdiskaping.
HNR er organisert i tre fokusgrupper med eigne leiarar:
- Reiseliv
- Havbruk
- Samferdsle
Gruppene har eigne møte og aktivitetar knytt til sine fagområde.
Kva vi gjer
HNR skal saman med Hyllestad kommune medverke til lokal vekst og utvikling. Medlemmane i HNR jobbar for å oppnå størst mogleg verdiskaping gjennom å fremje ressursane som finst i kommunen, synleggjere mangfaldet i næringslivet og inspirere til meir vekst.
HNR skal:
- legge til rette for nettverksbygging.
- legge til rette for kunnskapsdeling.
- vere ei tydeleg stemme i strategisk viktige saker innad i kommunen og i regionen forøvrig.
HNR gjennomfører medlemsmøter, styremøter, fokusgruppemøter, kurs, arrangement og andre tiltak som vil vere til gagn for medlemmane, kommunen, bygdene og nærmiljøa.
Organisering og møteverksemd
Styret har fire møte i året. Medlemmane har to faste medlemsmøte årleg, eitt av dei i samband med årsmøtet. På årsmøtet vert behov, prioriteringar og årshjul drøfta. På bakgrunn av dette samarbeider HNR med ulike aktørar om kurs, foredrag, arrangement og næringslunsjar.
Fokusgrupper
Reiselivsgruppa
Reiselivsgruppa samlar aktørar innan reiseliv og besøksnæring for å arbeide med felles utfordringar og moglegheiter. Gruppa legg vekt på samarbeid, synleggjering av lokale tilbod og framsnakking av produkt, arrangement og overnatting. Gruppa arbeider for at samla tilbod skal styrkje kvar enkelt aktør og bidra til vekst og utvikling i besøksnæringa i Hyllestad.
Reiselivsgruppa samarbeider tett med Visit Fjordkysten og Sunnfjord, som deltek fast på møta. Gruppa støttar òg LivOGLyst-programmet, som har mål om å styrkje bu- og besøksattraktiviteten i kommunen.
- Møte: minimum 4 gongar i året, og ved behov
- Leiar: Julie Fürstenberg
Samferdslegruppa
Gruppa arbeider med saker knytt til vegar, hamner, leidningsnett, fiber, mobilnett og anna infrastruktur.
- Møte: ved behov
- Leiar: Kjell Eide
Havbruksgruppa
Havbruksgruppa vart etablert i 2018 for å fremje utvikling av lokalt havbruk og tilhøyrande næringar. Gruppa voks raskt og etablerte seg som ein fast, fagleg møteplass med god oppslutnad. Sidan 2024 har gruppa vore utan leiar og er for tida inaktiv. HNR ynskjer likevel å starte gruppa opp att dersom nokon vil ta ansvar for leiinga. Kanskje er det deg?
Felles verdiskapingsplan
Hyllestad Næringsråd og Hyllestad kommune har ein felles verdiskapingsplan. Planen peikar ut viktige satsingsområde for næringsutvikling og seie noko om kva vi treng, kva må gjerast og kva vi vil oppnå.
Gjeldande plan (2021–2024) har særleg fokus på:
- Havbruk
- Reiseliv
- Levebrødsbedrifter
- Samferdsle og infrastruktur
Verdiskapingsplanen er tett knytt til kommuneplanen sin samfunnsdel og skal reviderast etter vedteken samfunnsdel, med nye prioriterte satsingsområde for ein ny fireårsperiode.
HNR og Hyllestad kommune samarbeidar òg om felles prosjekt og arrangement som bidreg til næringsutvikling, attraktivitet og bulyst.
Kven kan bli medlem
Bedrifter, organisasjonar og privatpersonar som ynskjer medlemskap i Hyllestad Næringsråd kan ta kontakt via e-post eller direkte med styreleiar.
Medlemskontingent 2026
Det er gratis å vere medlem i Hyllestad Næringsråd det første året. Frå og med år to vert det kravd årleg medlemskontingent, fastsett etter tal årsverk i verksemda.
For verksemder med fleire lokasjonar er det berre tilsette i Hyllestad kommune som tel med i utrekninga av årsverk.
Kontaktperson
Håvard Breidvik (Styreleiar)

Telefon: 907 93 975
E-post: post@hyllestad.org
Besøk gjerne Hyllestad Næringsråd på facebook